onsdag 24. februar 2010

Blåbærmuffins!

Eg har skrive om Pickles før, og i dag måtte eg berre prøve ei av oppskriftene for å sjå om dei var like gode som dei såg ut.... og det var dei!

Her er oppskrifta:

Sett omnen på 200 grader celcius.

Bland i ein bolle:
300 g mjøl
150 g sukker (gjerne brunt)
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
1 ts natron
1/2 ts salt

Bland i ein annan bolle:
3 egg
2 dl rapsolje eller annan olje utan for mykje smak

Så rører du innhaldet i dei to bollane forsiktig saman. Ikkje visp. Til slutt heller du oppi ca 200 g blåbær og puttar røra i formene. Det er nok til ca. 10 - 12 store muffins.

Rør saman havregryn, smør og sukker, ca. 30 g av kvar. Fordel blandinga på toppen av muffinsane. Til slutt strør du over litt kanel og steiker muffinsane i 20 - 25 minutt.

søndag 21. februar 2010

Oppdatering

Eg vart sittande og lese på bloggen til Katrin og tenkte at dette var spanande. Så her er altså ei oppdatering om meg...


Kva er din noværande besettelse? Baking - verken sunt eller lurt, men steikande godt og kjekt.

Kva er din merkelegaste besettelse? Å kome meg forbi neste lyktestolpe før bilen kjem. (Bør nemne at eg var ca. 10 år.)

Kva har du på deg i dag? Joggebukse og hettegenser

Kva skal du ha til middag? Har fått svinefilet og potetbåtar av min kjære. :-)

Kva var det siste du kjøpte? Ei Corona på Vertshuset i går kveld.

Kva høyre du på no? Elias som ligg og klagar på "babycallen"

Kvar ville du hatt eit betalt, fullt møblert hus/leilighet, viss du fekk velge heilt fritt? Ei leiligheit i New York eller eit hus i Arusha, Tanzania.

Kva er dine Må-ha plagg for sommaren? Korte sokkar. Det verste eg veit er sokkeskill.

Viss du kunne reise kva som helst i verda for den neste timen, kvar ville du reist? Zanzibar

Kva språk kunne du tenke deg å lære? Italiensk

Kva er ditt favorittsitat? "Jeg tror bare det jeg vet" - Skallemann

Kven vil du møte akkurat no? Barack Obama

Kva er din favorittfarge? Petrolblå

Kva er ditt favorittplagg frå ditt eige klesskap? Stillongsen min. Det er kaldt for
tida!

Kva er din drømmejobb? Konditor eller eigar av ein populære kafè med mange gjester heile tida.

Kva er ditt favorittblad? No for tida går det i "Mamma" eller "Foreldre & Barn"

Viss du fekk $100, kva ville du ha brukt dei på? Elias

Kva reknar du som ein motetabbe? Sokkar i sandalar, stringtruser som viser og for små kle.

Beundrar du nokons stil? Ja, mange. Eg beundrar den sporty stilen til Katrin, den spanande stilen til Britt Irene, den elegante stilen til Anne, den avslappa stilen til Monika og den tøffe stilen til Jorill... det kjem an på dagen og anledninga.

Beskriv din personlege stil? No for tida har eg sjeldan tid til å tenkje på kva eg har på meg, men til vanleg likar eg å kle meg klassisk med innslag av overrasking.

Kva skal du etterpå? No skal eg sjå OL, ta meg ein dusj og legge meg tidleg.

Kva er din favorittfilm? Frihetens regn, Sex & Singelliv-filmen, Stieg Larsson-filmane, The Holiday, m.m.

Kva er din favorittfrukt? Lite kan slå ein god mango!

Kva inspirerar deg? Vener, filmar, blad, naturen, butikkar, m.m.

Tre stylingtips som alltid fungerar for deg:
1) Når du er i tvil, sats på svart.
2) Keep it simple!
3) Det viktigaste tilbehøret er eit smil. :-)

Kva gjer du når du ikkje har noko å ha på deg? (Sjølv om klesskapet er smekkfullt!) Satsar på noko enkelt og tenkjer heller meir på tilbehøret, t.d. sko, smykker, sjal.

Inspirasjon!



Eg har vore i bakehumør i det siste og kjenner energien kome no når sola skin og våren nærmar seg. Difor vart eg skikkeleg glad då eg kom over denne sida: www.pickles.no
Mykje spanande - både etande og til hus og heim.
No får vi sjå om det blir med tanken, eller om det blir handarbeid framover mot våren.....

mandag 8. februar 2010

It's complicated

I går var gjengen på kino. Vi såg "It's complicated" med Meryl Streep, Alec Baldwin og Steve Martin. Her er eit lite klipp til ære for Katrin. Enjoy!

torsdag 4. februar 2010

Sjokoladebollar

I dag fekk eg heilt bakedilla. Har baka sjokoladebollar, sjokolademuffins og pizzapirogar. Jammen bra eg var på dobbel treningsøkt etterpå.
Her er i alle fall oppskrifta på sjokoladebollane:

Ingrediensar:
800g kveitemjøl
1,5 dl sukker
1 ts kardemomme
1,5 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 pk tørrgjær
100g smør
5 dl mjølk

Framgongsmåte:
Bland alt det tørre.
Bland smelta smør og mjølk og varm opp til ca. 40 grader.
Bland alt saman og la deiga heve i ca. 1 time.

Del deiga i to og rull to lange pølser.
Kjevle ut og tilsett 150g grovhakka mjølkesjokolade.
Del opp og rull bollar.
La bollane heve i ca. 15 min. før ein penslar dei med eitt egg.

Steik midt i omnen på 200 grader i 10 - 15 min.
Det blir 18 - 22 bollar av denne oppskrifta.

mandag 1. februar 2010

Som om eg skulle ha sagt det sjølv....

Happy birthday.... to me.... soon

Bursdagen nærmar seg og kva står så på ønskelista i år? Bortsett frå "world peace", sletting av u-landsgjelda og andre humanitære saker, er det anna som og kunne friste....

- utemøblar
- blomster
- trankapslar
- god fruktte
- treningskle
- tøffe pepperkakeformer
- konsertbillettar (til hausten 2010)
- bukse
- middag ute
- bok eg kan skrive oppskriftene mine i
- Robin Hood-dvd (Disney-teiknefilm)
- Skjønnheten og Udyret-dvd (Disney-teiknefilm)
- mini-kjøkkenmaskin
- John Mayer sin nye cd "Battle Studies"

Knekkebrød

Oppskrifta til desse knekkebrøda fekk eg av ei venninne, men eg kan vel gje den vidare? Eg har baka dei maaaange gongar og må gje ifrå meg oppskrifta kvar gong nokon smakar dei. Dei er enkle å lage, men det tek litt tid å steike.

Ingrediensar:

3,5 dl grov sammalen rug
3,5 dl havregryn
2 dl solsikkefrø
1,5 dl sesamfrø
1 dl linfrø
1 dl kli
1 dl valnøtter
1 ts salt
1 ts honning
7 dl vatn


Framgongsmåte:

1) Bland alt saman og la det gjerne stå i 10 min.
2) Smør røra utover to langpanner dekt med bakepapir.
3) Steik på 180 grader i 10 minutt.
4) Ta dei ut og del opp i ønska form/storleik.
5) Steik på 180 grader i 30 minutt utan bakepapir.
6) Ta dei ut og legg over på rist.
7) Steik på 180 grader i 15 - 30 minutt med døra opa.

NB! Bruk varmluftsovn.

* LUKKE TIL! *