Viser innlegg med etiketten Nam. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nam. Vis alle innlegg

onsdag 24. februar 2010

Blåbærmuffins!

Eg har skrive om Pickles før, og i dag måtte eg berre prøve ei av oppskriftene for å sjå om dei var like gode som dei såg ut.... og det var dei!

Her er oppskrifta:

Sett omnen på 200 grader celcius.

Bland i ein bolle:
300 g mjøl
150 g sukker (gjerne brunt)
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver
1 ts natron
1/2 ts salt

Bland i ein annan bolle:
3 egg
2 dl rapsolje eller annan olje utan for mykje smak

Så rører du innhaldet i dei to bollane forsiktig saman. Ikkje visp. Til slutt heller du oppi ca 200 g blåbær og puttar røra i formene. Det er nok til ca. 10 - 12 store muffins.

Rør saman havregryn, smør og sukker, ca. 30 g av kvar. Fordel blandinga på toppen av muffinsane. Til slutt strør du over litt kanel og steiker muffinsane i 20 - 25 minutt.

torsdag 4. februar 2010

Sjokoladebollar

I dag fekk eg heilt bakedilla. Har baka sjokoladebollar, sjokolademuffins og pizzapirogar. Jammen bra eg var på dobbel treningsøkt etterpå.
Her er i alle fall oppskrifta på sjokoladebollane:

Ingrediensar:
800g kveitemjøl
1,5 dl sukker
1 ts kardemomme
1,5 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker
1 pk tørrgjær
100g smør
5 dl mjølk

Framgongsmåte:
Bland alt det tørre.
Bland smelta smør og mjølk og varm opp til ca. 40 grader.
Bland alt saman og la deiga heve i ca. 1 time.

Del deiga i to og rull to lange pølser.
Kjevle ut og tilsett 150g grovhakka mjølkesjokolade.
Del opp og rull bollar.
La bollane heve i ca. 15 min. før ein penslar dei med eitt egg.

Steik midt i omnen på 200 grader i 10 - 15 min.
Det blir 18 - 22 bollar av denne oppskrifta.

mandag 1. februar 2010

Knekkebrød

Oppskrifta til desse knekkebrøda fekk eg av ei venninne, men eg kan vel gje den vidare? Eg har baka dei maaaange gongar og må gje ifrå meg oppskrifta kvar gong nokon smakar dei. Dei er enkle å lage, men det tek litt tid å steike.

Ingrediensar:

3,5 dl grov sammalen rug
3,5 dl havregryn
2 dl solsikkefrø
1,5 dl sesamfrø
1 dl linfrø
1 dl kli
1 dl valnøtter
1 ts salt
1 ts honning
7 dl vatn


Framgongsmåte:

1) Bland alt saman og la det gjerne stå i 10 min.
2) Smør røra utover to langpanner dekt med bakepapir.
3) Steik på 180 grader i 10 minutt.
4) Ta dei ut og del opp i ønska form/storleik.
5) Steik på 180 grader i 30 minutt utan bakepapir.
6) Ta dei ut og legg over på rist.
7) Steik på 180 grader i 15 - 30 minutt med døra opa.

NB! Bruk varmluftsovn.

* LUKKE TIL! *

torsdag 21. januar 2010

Bake, bake søte...

I førre veke kjøpte eg meg årskort på Amfi treningssenter. Eg vil prøve å gå eit par-tre gongar i veka på dagtid i lag med Elias og på kveldstid. Denne veka har eg vore så flink å trene at eg måtte belønne meg sjølv med muffins i kveld.

Her er oppskrifta:

Eple- og kanelmuffins

Bland:
4 dl kveitemjøl
2 dl sukker
1 ts salt
2 ts bakepulver

Bland:
25g smelta margarin
1,5 dl mjølk
1 egg

Bland det våte med det tørre.
Tilsett 200g eple og smak til med kanel.

Fyll i muffinsformer.
Steik på 225 grader i 18 - 20 min.

NAM!