onsdag 24. mars 2010

Ny butikk i Stryn!

I dag har Britt Irene, Vigdis, Elias og eg vore på den nye butikken i Stryn - FRYD. Der var mykje flott, m.a. Blafreboksar, kle frå Ugly og Småfolk til barn, fargerike tallerkar og koppar, leikar, m.m.

Eg fekk tak i ein stor boks.
Er ikkje den fin?



Butikken ligg i dei gamle lokala til Hobbyhuset, ved sidan av Expert.

mandag 22. mars 2010

Hadde du smelta?



Ikkje er eg eigentleg ihuga Hugh Grant-fan og songen er ikkje perfekt, men likevel... eg hadde smelta. Søt song! :-)

Klar for påske!

Tida flyg og det går mot vår! Det er deilig å sjå at snøen forsvinn og kjenne at sola varmar igjen. Elias veks og han forstår meir og meir for kvar dag som går. Det er rart å tenkje på at denne store guten er den same som låg i armane mine for berre nokre månadar sidan. No er det full action med snurring og kravling på golvet.

Det er berre nokre få dagar igjen til påske og bra er det! Eg gledar meg til ei skikkeleg familiepåske med nesten heile familien samla. Vi har ingen planar og det kjennest flott!


torsdag 4. mars 2010

Stakkar Elias!

I dag har lille guten til mamma skada seg! Han datt frå sofaen med hovudet først. Heldigvis verkar det som han er i fin form, bortsett frå ein blåveis og eit skikkeleg horn i bakhovudet. Vi var sjølvsagt til doktor og sjekka, men han meinte det såg greit ut. Eg har sjølvsagt verdas svartaste samvit, for dette skal jo eg klare å forhindre...

Her er i alle fall nokre bilete av stakkars lille klumpen vår.


Tatt på fersken!
Desember 2009


Første gong i dongribukse!
Januar 2010


Multikulturell
Januar 2010


Mormor har strikka ein flott genser og bukse!
Februar 2010


Fotofjeset kom fram på bursdagen til mamma.
Februar 2010

mandag 1. mars 2010

Flott versjon!

Her er ein flott versjon av "Auld Lang Syne" i filmen Sex and the City. No er det berre å glede seg til oppfølgaren som kjem sommaren 2010!