søndag 24. januar 2010

Favorittar litt seinare...

Det starta med denne sangen. Eg håpar inderleg det var songen og ikkje karen eg likte...



Plakatar av denne gruppa, og spesielt vokalisten, var over alt på rommet mitt. Veggane og skapet var tapetsert med plakatar av denne kjekke, flinke karen.



Og så var det denne karen då...

Favorittar då eg var lita

Bompibjørnane var ein favoritt på tv då eg var liten. Har prøvd å finne dei på dvd, men finn berre import frå utlandet. Jaja, så lenge ein har youtube kan ein klare seg lenge...




Her ligg introen til "Fragglene" - ein annan favoritt.
Lenkje: http://www.youtube.com/watch?v=MpQPe2eW1UA

torsdag 21. januar 2010

Hehe...

Bake, bake søte...

I førre veke kjøpte eg meg årskort på Amfi treningssenter. Eg vil prøve å gå eit par-tre gongar i veka på dagtid i lag med Elias og på kveldstid. Denne veka har eg vore så flink å trene at eg måtte belønne meg sjølv med muffins i kveld.

Her er oppskrifta:

Eple- og kanelmuffins

Bland:
4 dl kveitemjøl
2 dl sukker
1 ts salt
2 ts bakepulver

Bland:
25g smelta margarin
1,5 dl mjølk
1 egg

Bland det våte med det tørre.
Tilsett 200g eple og smak til med kanel.

Fyll i muffinsformer.
Steik på 225 grader i 18 - 20 min.

NAM!

tirsdag 19. januar 2010

Dora the Explorer



Dette er Elias sitt yndlingsprogram! Han ser på det ofte og heile guten dirrar av spaning når han høyrer introen. Ein skal tidleg krøkast...

søndag 17. januar 2010

Nettshopping



No når vi endeleg har fått nett kan det bli dyrt å vere meg. Det er jo så mykje kjekt å finne!

Her er nokre nettstadar:

http://epla.no
Eg må takke Britt Irene som viste meg denne nettstaden. Stilig påfunn og mykje spanande å sjå! Kanskje kan eg kjøpe noko der etterkvart?

www.pandurohobby.no
Alltid mykje spanande og slett ikkje så dyrt.

http://www.uglycc.com/
Mange tøffe bodyar til småtroll, t.d. Marius-bodyar og melkekartong-bodyar.

http://formina.se/
For dei som er glade i å bake eller dekorere kaker. Mykje stilig!

Musikalske oppturar og nedturar

Eg likar vanlegvis ikkje å like det alle andre likar. Det er jo mykje kjekkare å vere litt original... Når det er sagt, vil eg berre seie at eg såg programmet til Skavlan på NRK fredag. John Meyer var gjest og han overraska på ein positiv måte. Han var jo både kjekk, kunne spele gitar og synge. Hmmm, minner han meg om nokon? I alle fall, det var den musikalske oppturen.

Tida gjekk og det vart laurdag og Grand Prix delfinale. Eg må seie at det ikkje var høgt nivå, men det som skremde meg var resultatet. Kven kom til finalen? Jo, det var ein med Freddy Mercury-moves og Spandau Ballet-sound. Alexander Stenerud heiter han visst. Er det mogleg? Det må vere altfor mange 40 åringar med 80-tals abstinensar som stemmer! Den musikalske nedturen kom i alle fall med eit smell - bokstaveleg tala - han hadde jo fyrverkeri som skulle understreke rytma i låten. Nei og nei, seier eg.

Jammen bra ein kan illustrere kva ein meiner med youtube...

lørdag 16. januar 2010

Bokanbefaling



I haust leste eg boka "Øya" av Victoria Hislop. Det var ei spanande bok der vi fekk følge ein familie på Kreta i fire generasjonar. Den var full av spaning, kjærleik, historie og intrigar. Kan verkeleg anbefalast. Øya det er snakk om er Spinalonga som ligg aust for Kreta. Den heiter no offisielt Kalidon.



Frå bokomslaget:
Alexis Fieldings mor, Sofia, har aldri fortalt noe om bakgrunnen sin. Alt hun vil si er at hun vokste opp i en landsby på Kreta før hun flyttet til London. Da Alexis bestemmer seg for å dra til Kreta, gir imidlertid Sofia henne et brev som hun ber henne overlevere til ei gammel venninne. Da hun ankommer landsbyen Pláka, oppdager Alexis at den ligger et steinkast fra den forlatte øya Spinalonga, ei øy som tidligere var bebodd av spedalske. Når hun møter Sofias venninne, Fortini, får hun høre historia om oldemora Eleni og døtrene hennes, og en familie som var hjemsøkt av tragedier, kriger og lidenskap. Dette er forfatterens debut.

Stakkars Nasse Nøff

fredag 15. januar 2010

Puss, puss, så får du ein suss...


Dette er altså favoritten til Elias! Kvar morgon etter at vi har skrifta bleier, ser vi litt på denne. Han strekker seg bort til den og smiler og ler. Han får ikkje ete på den pga. skarpe kantar, men det er nok å berre sjå på den og kanskje røre forsiktig på den. Er det andre enn meg som slit med å sjå kva som er så spanande med den?

onsdag 13. januar 2010

Innetid


Grunna låge temperaturar har ikkje Elias vore utandørs på lenge. Med unntak av ein liten tur på helsestasjonen og eit kort middagsbesøk med mormor og morfar, har stakkaren vore innandørs sidan nyttårsdag. Dette kan umogleg vere sunt, men kva er alternativet? Frostskadar og forkjølelse? Ei hysterisk førstegongsmamma kan bli gal av mindre... Men planen er klar: Viss det er varmare enn -8, skal vi ut i morgon. Dermed basta!

tirsdag 12. januar 2010

Endeleg!

No har eg venta og venta på nettet leeeenge. Endeleg kan eg kome i kontakt med omverda! Over 6 mnd. i permisjon utan internett har vore ein prøvelse, i alle fall når ein er vane med å kunne sjekke mail, finne oppskrifter, søke etter informasjon og liknande når ein vil. Men no er altså heile verda komen inn i stova. Deilig! Ein ny era startar: Maria som bloggar. Kjem det til å gå bra eller blir det stilt etter ei veke med nysgjerrigheit? Den som lever får sjå....