lørdag 1. mai 2010

Loppe-dag!

I dag har vi hatt loppemarknad!

Det var ei spent jente som våkna i går tidleg (30.04) og starta dagen med å bake muffins. Klokka 18 skulle vi vere klare til å ta imot lopper. Spaninga var stor... Kom det til å kome nokon i det heile???? Faktisk så kom det ganske mange og dei som kom hadde mange lopper med seg. Vi sorterte og organiserte til midnatt, og så var det berre å hoppe i "loppekassen" og drøyme ein uroleg draum om lopper, muffins og rot.

Dagen i dag har vore topp! Det kom fleire enn forventa, og både loppene og bakevarene flaug avgarde. Det er kjekt når ein får så mykje positiv tilbakemelding. Ein del ville faktisk at dette skulle bli eit årleg arrangement! Vi har i alle fall hatt det kjekt både før og under loppemarknaden, så får vi ta evalueringa og diskusjonen om ein evt. årleg tradisjon etter kvart.

No er eg trøtt og fornøgd, og veldig glad for at eg kan sitte meg ned i godstolen og berre slappe av resten av kvelden!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar