mandag 22. mars 2010

Klar for påske!

Tida flyg og det går mot vår! Det er deilig å sjå at snøen forsvinn og kjenne at sola varmar igjen. Elias veks og han forstår meir og meir for kvar dag som går. Det er rart å tenkje på at denne store guten er den same som låg i armane mine for berre nokre månadar sidan. No er det full action med snurring og kravling på golvet.

Det er berre nokre få dagar igjen til påske og bra er det! Eg gledar meg til ei skikkeleg familiepåske med nesten heile familien samla. Vi har ingen planar og det kjennest flott!


1 kommentar:

  1. Ja, deilig med lite planlagt. Det einaste eg veit er Holmøyskarrennet og ein tur til Førde på babybesøk. DEILIG! Har nedtelling til ferie no. 4 arbeidsdagar igjen! Hihi..

    SvarSlett