søndag 17. januar 2010

Musikalske oppturar og nedturar

Eg likar vanlegvis ikkje å like det alle andre likar. Det er jo mykje kjekkare å vere litt original... Når det er sagt, vil eg berre seie at eg såg programmet til Skavlan på NRK fredag. John Meyer var gjest og han overraska på ein positiv måte. Han var jo både kjekk, kunne spele gitar og synge. Hmmm, minner han meg om nokon? I alle fall, det var den musikalske oppturen.

Tida gjekk og det vart laurdag og Grand Prix delfinale. Eg må seie at det ikkje var høgt nivå, men det som skremde meg var resultatet. Kven kom til finalen? Jo, det var ein med Freddy Mercury-moves og Spandau Ballet-sound. Alexander Stenerud heiter han visst. Er det mogleg? Det må vere altfor mange 40 åringar med 80-tals abstinensar som stemmer! Den musikalske nedturen kom i alle fall med eit smell - bokstaveleg tala - han hadde jo fyrverkeri som skulle understreke rytma i låten. Nei og nei, seier eg.

Jammen bra ein kan illustrere kva ein meiner med youtube...

1 kommentar:

  1. Egfekk og med meg både skavlan og mgp. Skikkelig skuffa over mgp!! Makan til kjerringmusikk!

    SvarSlett