torsdag 21. januar 2010

Bake, bake søte...

I førre veke kjøpte eg meg årskort på Amfi treningssenter. Eg vil prøve å gå eit par-tre gongar i veka på dagtid i lag med Elias og på kveldstid. Denne veka har eg vore så flink å trene at eg måtte belønne meg sjølv med muffins i kveld.

Her er oppskrifta:

Eple- og kanelmuffins

Bland:
4 dl kveitemjøl
2 dl sukker
1 ts salt
2 ts bakepulver

Bland:
25g smelta margarin
1,5 dl mjølk
1 egg

Bland det våte med det tørre.
Tilsett 200g eple og smak til med kanel.

Fyll i muffinsformer.
Steik på 225 grader i 18 - 20 min.

NAM!

1 kommentar:

  1. Og KOFFOR vart ikkje eg invitert på muffins då?! Har vore flink å trena eg og! haha..

    SvarSlett